fredag 11. desember 2009

Vaffelhjarte

Vaffelhjarte
Maria Parr
2005

Eg har lese ut Vaffelhjarte av Maria Parr og sit igjen med ei kjensle av å ha lese ei blanding av Emil i Lønneberget, Madicken og Pippi. Det Lena og Trille finn på i den vesle vika Knert-Mathilde er så underhaldande at det nesten grensar til lindgrensk. Tenk å bu ein stad der jonsok-bålet blir sløkka av møkkaspreiaren og der dyra blir frakta til Noas Sjark. Vaffelhjarte er ei herleg bok, og eg gler meg til å ta til med Tonje Glimmerdal. Boka er smekkfull av gode formuleringar og herlege bilete. Anbefalast.

Ingen kommentarer: